Mengde

Oppskrifta er for ein drink.

Ingrediensar

30ml god blank tequila
30ml lime juice
30ml blåbærsirup eller blåbærsaft
10ml røykt mescal
5ml agave sirup

Framgongsmåte

Bland alle ingrediensane i ein shaker saman med isbitar og rist godt. Server med is i eit rocksglas.

Inspirasjon

Oppskrifta er nok ikkje heilt lik, men drinken var ein av signaturdrinkane til Muskedunder i Bergen.